Gnist er eit samfunnsutviklingsprogram i regi av DOGA – Design og arkitektur Norge, der utvalte norske kommuner får design- og arkitekturfagleg hjelp til å finne bærekraftige løysingar på utfordringar i lokalsamfunnet.
«Utfordringane Ål ynskjer å løyse går att i mange norske kommuner: Dei manglar eit velfungerande og berekraftig sentrum. Gjennom Gnist får kommunen kompetanse, metoder og verktøy til å ta tak i utfordringane sine. Vi har tru på at Ål kjem fram til noko som vi alle kan lære av», seier Tor Inge Hjemdal, administrerande direktør i DOGA.
Det er ei oppfatning Ål kommune ved prosjektleiar Anne Nordheim, deler:
«Vi har mange og store håp for deltakinga i Gnist. Med god arkitektur- og designfaglig hjelp håpar vi Ål får eit meir aldersvenleg og inkluderande sentrum som i større grad syner fram vår identitet som ei fjell- og kulturkommune. Samtidig ynskjer vi å bli betre på samfunnsplanlegging og å tenke nytt rundt samankobling av tenester og tilbod til innbyggarane.»
Gir ei vitamininnsprøyting
Heile 24 kommuner frå 11 fylker søkte om å delta i Gnist-programmet i år. Det er ny rekord. Til slutt var det Ål, Halden, Moskenes, Nittedal og eit samarbeid mellom fire kommuner i Indre Namdal som vant igjennom med sine problemstillingar.
«Distriktskommunene har store moglegheiter for utvikling. Då er det viktig med gode verktøy for å skape vekst og nye løysingar. Gnist er eit nyskapande og kraftfullt verktøy som kan gi ei vitamininnsprøyting i det viktige omstillingsarbeidet», seier kommunal- og distriktsminister Kjersti Stenseng.
Ål får eit eige innovasjonsteam
Ingeborg Apall-Olsen, rådgiver i DOGA, fortel at Gnist gir Ål høve til å jobbe på tvers av eigne siloar, samtidig som dei bygger band til viktige private og ideelle aktørar i lokalsamfunnet.
«Det er ikkje kommunen som står i sentrum i Gnist, men derimot det å løse ei utfordring i fellesskap. For å få til dette koblar vi på aktørar med kompetanse på stadsutvikling frå blant anna design og arkitekturfaga».
Gjennom Gnist-programmet skal DOGA no hjelpe Ål med å forme og halde en anskaffingsprosess for å få på plass eit innovasjonsteam med den riktige kompetansen. Før sommaren skal kommunen saman med Buskerud fylkeskommune og DOGA velge ut det beste tilbodet.
Les meir om Gnist her: Norske kommuner sliter: Nå får fem av dem hjelp til å tenke nytt | DOGA