Ny tenesteleverandør av straumavtalane frå Ål Kraftverk KF
Pr i dag er det Dalane Energisalg AS som handterer straumavtalene frå Ål Kraftverk KF. Det har no gått ut melding til eksisterande kunder om endring av dette.
Endringa vil tre i kraft frå 7.januar 2027.
Dalane Energi vil sende faktura for forbruk og nettleige for heile desember, før Ishavskraft overtek frå og med 7.januar 2027.
Som kunde treng du ikkje å foreta deg noko i anledning overgangen frå Dalane Energisalg til Ishavskraft AS. Det einaste du må hugse å gjere, er at når du får den første fakturaen frå Ishavskraft, så må du opprette avtalegiro i nettbanken din med informasjonen som står på fakturaen. Alt anna går automatisk, og du beheld sjølvsagt den gode straumavtala og betingelsane for deg med målar innafor kommunegrensene våre.
Frå og med 15.desember 2026 vil det vere kundesenteret til Ishavskraft som handterer henvendingar med bestilling av straumavtalar fram i tid, på vegne av Ål Kraftverk. Dei kan treffast på telefon 776 12 000 kvardagar mellom 0900 -1530 eller ved å sende e-post til [email protected]
Her finn du lenkje til Ishavskraft si heimeside for direkte bestilling: https://www.ishavskraft.no/
Dersom noko skulle vere uklart, er du sjølvsagt velkomen til å ta kontakt med oss på Servicetorget i Ål kommune på telefon 3208 5000 eller på kundeservice hjå Dalane Energisalg på telefon 51 46 25 05.
For meir informasjon om straumavtaler frå Ål Kraftverk KF, sjå heimesida vår her: Kraft frå Ål Kraftverk KF
Oppretta: 24.11.2026
Sist endra: 25.11.2026