
BTI-modellen er ein samhandlingsmodell for tilsette i sektoren og skisserer ei handlingskjede frå første undring oppstår.
Ål kommune er i gang med implementering av BTI-modellen
Kommunalsjef for oppvekst er sektorleiar og har det overordna ansvaret for alle avdelingane i oppvekstsektoren.
Rådgjevarane ved oppvekstkontoret samordnar drift innanfor mellom anna personalforvaltning, økonomi, samt oppfølging av felles system og planverk. Dei jobbar òg for å leggje til rette for og koordinerer tverrfagleg utviklingsarbeid. Ein av rådgjevarane ivaretek rolla som barnehagemyndigheit.
Konsulent ved oppvekstkontoret har mellom anna ansvar for fakturering, samordning av skyss og sekretærfunksjon for dei minste barneskulane.
Oppvekstkontoret er lokalisert på Tingstugu.
Oppvekst 2030 er overordna plan for oppvekstsektoren i Ål kommune.
For å gje alle barn i Ål ein god oppvekst, vil strategidokumentet Oppvekst 2030 jobbe for å få fleire dyktige lærarar, meir leik og praktisk læring i skula, og eit tettere samarbeid med alle som jobbar med barn og unge.
Strategidokument Oppvekst 2030
Likestillingsplan for barnehagane
Plan mot utestenging og mobbing
Plan mot utestenging og mobbing - rutine
Tverrfagleg team er eit førebyggande initiativ som skal gripe inn raskt og ha ein rådgjevande og rettleiande funksjon. Føremålet med tverrfagleg team er tidleg innsats i høve barn/unge og familiane deira, og byggjer på ideen om at me saman får til nødvendig endring og utvikling.
Tverrfagleg team er sett saman av kontaktpersonar frå pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), barneverntenesta, helsestasjonen og psykisk helse. PPT, helsestasjonen og psykisk helse møter fast i tverrfaglege møter saman med representantar frå den einskilde barnehage og skule. Representanten frå barneverntenesta deltek ved innkalling. Andre instansar kan inviterast etter behov.
Tverrfagleg møte skal vere eit lågterskeltilbod til barnehage, skule og føresette. Målet med møta er å gje fagleg støtte så tidleg som mogleg. Med fleire instansar til stades kan ein hjelpe raskare og gjere arbeidet meir effektivt.
Føresette som ynskjer hjelp i tverrfagleg møte, kan ta kontakt med eigen barnehage eller skule. Dersom tilsette ynskjer å drøfte enkeltbarn, skal føresette få høve til å vere med på møtet eller gje samtykke til ope drøfting. Eit anna alternativ er anonym drøfting.
Ål kommune har utarbeidd eigen overgangsplan mellom barnehage og skule.
Overgangsplanen skal sikre samanheng i læringsløpet til barn. Barna og deira føresette skal føle seg trygg på at alle blir møtt av ein barnehage og skule som kjenner dei og legg til rette for ein god start.
Overgangsplanen skal sikre:
Det er utarbeidd eit eige informasjonshefte om overgangen barnehage-skule.
Du finn informasjonsheftet her
Sektorutval for kultur og oppvekst vedtek kvar haust skuleruta for komande skuleår. Skuleruta gjev oversikt over skuledagar, ferie- og fridagar i grunnskulen.
I Ål kommune startar barnehageåret samtidig med skuleåret.
Trygg oppvekst er eit interkommunalt prosjekt i Hallingdal, der ein ynskjer å laga ein heilskapleg, tverrsektoriell modell for arbeid med utsatte barn. Prosjektet har starta med pilotar i Hemsedal og Ål kommune våren 2018. Helse- og omsorgsleiarane i Hallingdal fungerar som styringsgruppe for prosjektet. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) har gitt tilskot til prosjektet.
Ål kommune er i gang med implementering av BTI-modellen

Vil du vere med og påverke?
Alle føresette som har barn i skulen, er medlem av skulen sitt foreldreråd. Foreldrerådet vel eit foreldrearbeidsutval (FAU), og FAU fungerer som eit styre for foreldrerådet.
FAU skal sikre reell medverknad frå føresette og ha medansvar for at læringsmiljøet er trygt og godt for elevane.
FAU skal representere alle føresette ved skulen og bidra til at samarbeidet mellom heim og skule er godt.
Døme på oppgåver og saker for FAU: drøfte saker som skal tas opp i politiske utval i kommunen, samarbeidsutval, elevråd og foreldremøte.
I tillegg medverke til vurdering av skulen, utviklingsarbeid i skulen, utvikling av trygt læringsmiljø for elevane, planlegging og oppfølging for å fjerne mobbing, sosiale tiltak for elevane, organisering av undervisninga, utforming av skulens mål, prosjekter som gjennomførast i skulen (t.d. IKT), arbeid med det fysiske skulemiljøet, arbeid med trafikkforhold i nærmiljøet, få eit godt samarbeid mellom heim og skule.
Sjå på kvar skule si heimesida for meir informasjon.
FAU-møte referata frå Nordbygdene skule:
Referat FAU møte Nordbygdene skule 17.02.2026
Referat SU møte Nordbygdene skule 17.02.2026
FAU møte referata frå Torpo skule:
FAU-møte referat Ål ungdomsskule:
Møtereferat frå Nedre Ål skule:
Referat SU-SMU-møte 18.03.20026
Sist endra: 19.11.2026