Kommunale bygg

Idrettshallen

Ta kontakt med servicetorget om du ynskjer å leige idrettshallen.

Kommunale utleigebustader

Ål kommune har nokre bustader som kan leigast av kommunalt tilsette og folk som har akutt behov for bustad. Bustadene kan leigast for eitt år av gongen, maksimalt i 3 år.

Søknadsskjema for kommunal bustad (word)

Du kan få papirskjema på Servicetorget

Omsorgsbustad

Du kan søkje om omsorgsbustad dersom:

  • du er over 18 år og folkeregistrert i Ål kommune
  • du har sjukdom, funksjonsnedsetjing eller andre helseutfordringar som gjer det vanskeleg å bu i den noverande bustaden din
  • bustaden din ikkje er eigna for behova dine, og i liten grad kan tilpassast slik at du kan halde fram med å bu der
  • du har eit varig behov for helse- og omsorgstenester
  • ein omsorgsbustad kan bidra til ein tryggare og meir sjølvstendig kvardag

Det er tildelingsteamet i helse som tildeler bustad etter søknad. Søknadsskjema for omsorgsbustad (word) kan du printe ut her, eller du kan få papirskjema på servicetorget.

Symjehallar/badebasseng

Opningstidene ved dei kommunale symjehallane/badebassenga finn du her.

Bassenga er kun opne frå etter haustferien til påske.

Ved spørsmål om leige, ta kontakt med den enkelte skule.

Sist endra: 19.11.2026